Kjøpsvilkår
Vilkår for kjøp av køyretimar, kurs og anna opplæring hos RS Trafikk.
Seljar
RS Trafikk AS, org.nr. 929 106 849, Stord. Kontakt: post (krøllalfa) rstrafikk.no / +47 41 19 18 17.
Vilkåra gjeld når du bestiller timar eller kurs på nettsida, på elevsida, på telefon, på e-post eller direkte hos oss.
Prisar
Gjeldande prisar står i prislista. Prisane er i norske kroner, og du betaler prisen som gjaldt då timen eller kurset vart bestilt.
Betaling
- Opplæringa skal betalast før eller rett etter kvar time eller kvart kurs. Du kan òg betale større beløp på førehand.
- All opplæring skal vere betalt før førarprøven.
- Du kan betale med Vipps på elevsida, eller med faktura eller innbetaling med KID. Betalingsfristen står på fakturaen og er normalt 10 dagar.
- Betaler du med Vipps for ein time som ikkje er gjennomført enno, vert beløpet berre reservert. Det vert trekt etter at timen er gjennomført.
- Er eleven under 18 år, går fakturaen til føresett.
Avbestilling
- Køyretimar og kurs kan avbestillast kostnadsfritt seinast to kvardagar før avtalen (måndag–fredag, utanom heilagdagar).
- Ved seinare avbestilling, eller om du ikkje møter, vert du belasta full pris for avtalen.
- Ved sjukdom eller andre særlege grunnar kan me gjere unntak etter ei konkret vurdering.
- Må me avlyse ein avtale, betaler du ingenting for han, og du får tilbod om ny tid.
Angrerett
Bestiller du på nettsida, elevsida, telefon eller e-post, har du 14 dagars angrerett etter angrerettlova. Gi oss beskjed innan fristen, til dømes på e-post. Ber du om at opplæringa skal starte før angrefristen er ute, betaler du for det som alt er gjennomført. Angreretten fell bort for timar og kurs som er heilt gjennomførte.
Tilbakebetaling
Betalte du på førehand og har pengar til gode når du avsluttar opplæringa, får du dei tilbake. Betalingar med Vipps vert betalte tilbake til Vipps.
Klage
Er du misnøgd med noko, ta kontakt med oss så snart som mogleg, så finn me ei løysing. Kjem me ikkje til semje, kan du vende deg til Forbrukarrådet, som kan mekle. Saka kan gå vidare til Forbrukarklageutvalet.
Personopplysningar
Korleis me behandlar personopplysningar, står i personvernerklæringa.